Heile 60 hadde funne vegen til bedehuset til det første forsamlingsmøtet i det nye året. Under avslutninga takka møteleiar Gunnhld songevangelistane Marit og Irene varmt for tale, vitnemål og flott song. Etter 40 års teneste rundt i heile landet blir dokke berre bedre og bedre! Sa ho. Med Runa i bakgrunnen på piano, var det heile reint vakkert å lytte til: Songen finn gjerne snarvegen til folk sine hjarte, og der vil det skje gode ting når forteljinga om Jesus når fram.
Irene Krokeide Alnes delte frå dagens tekst i Matteus 3 om då Jesus vart døypt av Johannes i Jordanelva. Ei sterk og veldig viktig hending! Dette var starten på Jesus sitt offentlege virke, og for Johannes døyparen var det nesten eit sjokk å finne Jesus i køa av angrande syndarar. Men han fekk sjå at Jesus si syndebør, var ikkje hans eigen. Han var «Guds Lam som ber bort verda si synd». Og dette gjorde han eine og åleine fordi han og Faderen elska menneska og ville berge oss frå synda si skuld og straff. «I denne forsamlinga er det ingen Gud er meir glad i enn deg!» la Irene til. Det må du prøve å ta til deg!
I avslutninga la Marit til at vi treng alle å verte fornya i livet med Gud. Mange gav også signal tilbake om å bli hugsa på i bøn: At eg må få leve rikt og avgjort med Jesus i kvardagen. Og no er alle hjartans velkomne til møte i Hundeidvik bedehus: Kvar av dei neste 8 kveldane, unnateke måndag, avslutta Marit.