Forsamlingsmøte 26 januar 2020 – Robert Uggedal var talaren

Uggedal tok utgangspunkt i dagens tekst frå Luk 18 om den blinde tiggaren nær Jeriko, som ønskte synet sitt tilbake. At Jesus gav synet tilbake var ei reell handling, det var sant. Den blinde mannen såg mulegheita då Jesus gjekk forbi. Og mulegheiter finst også i dag. Den blinde fekk sjå Jesus fysisk. Vi i dag har ikkje sett eller høyrt Jesus sjølve. Men han møter oss i ordet og gjer ordet levande for oss. Derfor har også vi anledning til å påkalle Jesus dersom vi ynskjer det sjølve, og Jesus vil stoppe opp også i dag og ta i mot oss slik han gjorde det før.

Vi har sjølve ansvar for at Jesus ikkje kjem på avstand frå oss. Det er så mykje som opptar oss og vi må stadig be om å bli sjåande. Det følgjer liding med å følgje Jesus, han har ikkje lova oss eit liv utan lidingar. Uggedal viste til ordet frå Salme 119,130 – Dine ord gjev lys når dei opnar seg – eit godt eksempel på Jesu ynskje for oss om å bli sjåande. Også dette løftet i 1. Kor 2,9  vart tatt fram: Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han, det har Gud openberra for oss ved sin Ande.
Ref A Almås

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait