Forsamlingsmøte søndag 9 februar 2020

Ole Os var med oss med sentral tale og god song

Os tok utgangspunkt i teksten for denne såmannssøndagen, Luk 8,4-15. Det er ei likning. 

Såkorn vart sådd langs vegen, mellom klunger, på steingrunn og noko i god jord. Os peika på det Jesus ropte ut: Høyr, den som har øyre, høyr. Dette utropet kan vi finne fleire stader gjennom bibelen både i GT og i NT. Det er Ordet som blir sådd. Også i Jes finn vi att orda om å høyre, om å så og la seg sende ut – oppdraget vårt ligg i dette. Dei som høyrer, ber grøde. Nytt liv er gøymt i kvart eit korn. Den heilage Ande bur i desse orda som blir sådd. Gud bles sin ande inn i Adam, og på same måten pustar han anden inn i ordet og gjer det levande. Det gjeld å ikkje vende seg bort frå ordet, men la det få grobotn og vokster. Jesus kom som eit korn, vart gravlagt i jorda, stod opp og vart levande. Noko liknande skjer med eit menneske som blir frelst, det gamle døyr og noko nytt veks fram. Jfr også 1. Kor 15 om at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt, at han vart gravlagd, at han stod opp att tredje dagen. Samanhengen er så klar og sann. Når menneske ber ordet i hjartet sitt, gir det velsigning til andre. Har vi fuglar som et opp ordet i våre liv og tar bort av det som er sådd? Djevelen kjem raskt på banen for å plukke bort, uroe og ta bort ordet frå hjarta våre. Nokre gongar kan Guds ord få tilgang til hjartet og livet vårt når vi opplever krevande og såre ting i livet. Jorda kan bli mjuk også hos den verste bråkmakaren i ungdomsflokken. Vi må ta vare på Guds ord og la det bli til vekst og velsigning for oss sjølve og andre. PS. Os spurde om vi veit kva som er den femte typen såjord; jau, den jorda der det aldri har vore sådd eit Guds ord. Bønneemne.
Ref Arnhild Almås

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait