Forsamlingsmøtet 29.mars

Vi hadde sett fram til denne siste søndagen i mars med besøk frå Israelsmisjonen: Halvard og Monica Roaldsnes.

No får vi i staden sjå fram til eit nytt høve til hausten, og i denne omgang dele ei helsing vi fekk frå ekteparet Roaldsnes:

Vi i Israelsmisjonen ønskjer å inspirere alt Guds folk, til i ord og handling, å gje evangeliet om Jesus Messias attende til jødefolket. Dette kallet fekk fotfeste her i Norge i 1844, og er framleis drivkrafta i Israelsmisnjonen sitt arbeid heile 176 år seinare.

På samlinga i Sykkylven Bedehusforsamling, sundag 29.mars, ønskte vi å dele bodskapen om å kome «Nærmare røtene». Ved å sete fokuset på familiepersktivet i Guds ord, vil vi som Guds forsamling få hjelp til å finne attende til våre djupaste åndelege røter.

Sidan denne samlinga er avlyst, er planen å kome attende til hausten. I tillegg til forkynninga, blir det duettsong og info om arbeidet til DNI.

Guds fred og glede!

Mvh

Halvard og Monica Roaldsnes

Kollekten som kjem inn i dag, via bedehusforsamlinga sin VIPPS-konto, går til Israelsmisjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait