Trass i smitteverntiltak og naturleg uvisse korleis vi kan ordne oss praktisk: Søndag 6.september fann heile 43 stk. i alle aldrar vegen til bedehuset. No også, for første gong på mange år, med eigen søndagsskule! Og planen verkar klar: Søndagsskulen er komen for å bli – og for å vekse! Songar med borna høyrer sjølvsagt med.
Først ut var besøkande i bygda, Anne Brit Fossdal, med eit friskt vitnemål om at Gud er verksam i dag til å fornye og fylle livet med den Heilage Ande.
Etter forsamlingsbøna fylte ekteparet Roaldsnes frå Vigra forsamlingsmøtet med vakker song, inspirerande tale og misjonsinfo. Monica og Halvard delte fire songar der fleire hadde røter frå hebraisk tekst og toneart.
Røter var også temaet i Halvard sin tale. Akkurat som vi alle er fødde av ei mor og ein far – til å vere del av ein famile, har Gud tenkt oss inn i ein menneskeleg og åndeleg relasjon. Familien er skapt av Gud, ut av dette at den treeinige Gud er sjølv er ein levande relasjon. Og han er den gode og fullkomne far for alt som heiter born – i himmel og på jord! Dette er vår eigentlege identitet, og vi vil både lengte og sakne om vi har falle utanfor. Desse røtene går gjennom Kristus, og samtidig heilt tilbake til Abraham, Isak og Jakob. Våre røter er i åndeleg forstand av jødisk identitet. Kjenner du lyst til meir om dette: Opne lenka nedanfor, så får du heile rekka med illustrasjonar som Roaldsnes brukte i talen sin!
Avslutningsvis knytta Halvard temaet i talen til ein kort presentasjon av Israelsmisjonen. Han er sjølv leiar i Møre og Romsdal krins, og poengterte Paulus sitt hoved-anliggande for all misjonering: «For jøde først». Evangeliet har gått ut frå jødane, Kristus var jøde, og vi har alt å takke dette folket. Difor har vi alle ei naturleg plikt til å gå tilbake til Israelsfolket først. Så skal vi saman dele det med alle jorda sine folkeslag.
Vi fekk mykje å gle oss over, og viktige tankar å arbeide meir med!