Forsamlingsmøte søn 1 nov 2020

Med Arvid Ødegård

Tema: Ikledd Kristus

Arvid tok utgangspunkt i Gal 3,26 ff om gjennom tru å vere ikledd Kristus. Han gjekk tilbake til skaparforteljinga; mennesket vart skapt til godheit, reinleik, fred og fellesskap med Gud. Så vart alt øydelagt. Mennesket åt av kunnskapens tre og syndefallet var eit faktum. Dei vart jaga ut av Eden, men Gud hadde omsorg for dei og kledde dei likevel i skinnklede då dei skulle ut. Er det slik med oss også at når vi veit vi har synda, så vil vi gjerne skjule det, slik Adam og Eva gjorde? Men Gud ser alt vi gjer. Han har likevel omsorg for oss, og det smertar han at vi skal vere utanfor fellesskapet med han. Han har gitt oss klede i åndeleg forstand, og vi skal få kle oss i Han. Han kjem oss i møte med velsigning, godleik og tilgjeving og gir oss framtidshåp. Både i Ef 1 og 2 og i Rom 6 står det om korleis vi i kjærleik og etter Hans gode vilje får vere hans born ved Jesus Kristus og om at vi er sameina med Kristus i dåpen, og såleis er rettferdiggjorte. Gud gir oss framtidsperspektiv – vi har så mykje godt i vente. Den heilage Ande vil skape oss om etter Guds vilje, slik at v blir meir og meir ikledd Kristus. Jesus har oppfylt lova perfekt, vi kan legge vonde ting bak oss, strekke oss framover og spegle til andre det vi har fått av Guds kjærleik og nåde, ingenting kan skilje oss frå Guds kjærleik (Kol. 3,16.) Ref arnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait