Forsamlingsmøte 7. mars 2021

😊🙏 Endeleg forsamlingsmøte – etter fire månader 🙏😊

Inger Valbø (utsending for NLM i Japan) var vår talar i dag med temaet

Eg trur, hjelp mi vantru

Ho tok utgangspunkt i dagens tekst i Markus kap 9. Først om faren som kom fortvilt til Jesus med sonen sin som var herja av ei vond ånd; læresveinane makta ikkje å helbrede han. Etter at Jesus hadde uttrykt frustrasjon over «du vantruande slekt», trygla faren Jesus om å helbrede sonen hans og sa: Eg trur, hjelp mi vantru. Jesus viste si medkjensle og proklamerte at alt er muleg for den som trur, og han helbreda sonen – den vonde ånda fôr ut av guten. Læresveinane undra seg over kvifor dei ikkje kunne gjere lækje denne guten. Jesus svarte at dette slaget er berre muleg med bøn og faste.

For oss: er vi ei vantru slekt? Vi må innrømme eiga avmakt og «Vi rekker våre hender frem som tomme skåler. Kom til oss Gud, og gi oss liv fra kilder utenfor oss selv». Jesus rekkjer fram sine hender til oss med si medkjensle, og: han handlar, og vi kan ta imot hans hjelp i tru. Trua er ei gåve, ikkje nokon prestasjon. Inger fortalde om ei eldre dame i Japan som var ein trufast medarbeidar i forsamlinga si. Ho syntes det var litt vanskeleg å be, ho var ikkje flink nok. Ole Hallesby si bok «Fra bønnens verden» hjelpte henne så ho kunne be når som helst og kvar som helst – dette kan vi også ta til oss. Inger viste også til Helge Ferstad sine innlegg på Facebook over søndagens tekst – desse er djupe og nydelige.

Inger spelte nokre stykke / melodiar for oss på ei japansk harpe ho hadde med. Nydeleg klang og japanske notar… såg ikkje lett ut.

Runa Welle song nokre songar og det var søndagsskule for borna.

@rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait