Ole Audun Os besøkte oss i dag med tale og fin song
Ole tok utgangspunkt i ei av dei få likningane i Johannesevangeliet, dette evangeliet som kanskje meir enn dei andre tre evangelia peikar framover mot korset og Jesu verk der. Likninga om den gode hyrdingen, han som kallar sine ved namn, ser og kjenner sine eigne og syter for buskapen sin (Ordt 27,23). Dette er også det evige livet – at dei kjenner Jesus. Joh. 10 er eigentleg ei profetisk oppfylling av det profeten Esekiel skriv i kap 34,1-11 (hyrdingkapitlet): «Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei.» I Jer. 23,1 les vi «Ve dei gjetarane som leier vill og spreier sauene eg har på beite, seier Herren». I Jes. 40,11 les vi om den gode hyrdingen: «Han gjeter flokken sin som ein gjetar. Han samlar lamma med armen, lyfter dei opp i fanget, leier søyene.» Liknande løfte finn vi i Esekiel 34, v 11 og v 23-24. Jesus kallar seg altså den gode hyrdingen, men samtidig blei han så eitt med oss at han kalla seg også Guds lam; han var både Gud og menneske. I teksten i Joh 10 står det at portvaktaren let opp for hyrdingen til sauene og sauene kjenner røysta hans. Johannes døyparen rydda veg for Herren – til folk som trong ein frelsar. Johannes steig til sides då Jesus kom og bad sine eigne disiplar om no å følgje Jesus.
Er porten open i dag? Ser vi dei som treng Jesus? Vil eg likne den gode hyrdingen? Salme 23 vart nemnd til slutt – salmen med det vakre og gode innhaldet om kva hyrdingen gjer for den som vil følgje han: Jesus har omsorg og kraft for heile livet vårt, for alt vi treng.
Ole song gode songar og spelte så fint på gitaren sin attåt.
@arnhild