Svein Folde besøkte oss i dag med sentral bodskap
Vi får tru at Han som skapte mennesket og bles sin livspust inn i mennesket og gav det livsande – Han er mektig til å gi også deg og meg eit livspust i dag, slik at vi blir glad i Herren, glad i oss sjølve, glade i kvarandre og oppmuntrar kvarandre når vi går herifrå. Kor godt at vi har eit hus, venner, og kor godt at vi har Herren. Han går tett ved sida vår.
Tim 6,12: Strid den gode striden. Paulus skriv sant om livet til Timoteus. Kristenlivet blir i vår tid skildra på ulike måtar – sorglaust, greitt og lett, kom til Jesus. Andre fokuserer på bedervelse, synd, nederlag og alt det negative. Ikkje noko gale i og for seg noko av dette. Det er ein strid, som Paulus seier. Hald fast på trua. Sigerskransen ligg klar, i verda må vi kjempe ein strid; det er ein som er ute etter å stele det som høyrer Herren til. Vår syndige natur kjempar mot evangeliet. Kampen foregår i lønnkammeret – i bønn og er ikkje ein strid der om å bli frelst, men ein strid fordi du er frelst. Åpb 3,11 seier: «Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!» Vi må bli ståande i striden. Trua kan gå tapt, stille og gradvis, utan at det blir bekjent. Kva for eit reisefølgje er vi med i, i det følgjet der Jesus er? Folde brukte forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet som bilete på om vi er klar over om Jesus er med i følgjet vårt (Jfr Maria og Josef som tok på heimveg utan å vite om Jesus var med). Det gjekk tilbake og fann han.
Vi blir oppfordra om å bry oss om dei som er komne på avstand, øve oss i Jesu sinnelag, sinnelaget til Han som ikkje «vil miste en eneste en». Vi vart også mint om likninga om den heimkomne sonen, korleis han vart tatt i mot av far sin. Vi må ha tru og retning, vere ein medvandrar med varme og omsorg og legg våre tider i Herrens hand, i Hans hand som har omsorg og varme sjølv om uro og tvil gneg.
Han går ved min side, han leder min gang,
Han blir ikke trett han som jeg.
Og nådig han vokter meg livsdagen lang,
Han sviker ei, svikter meg ei
Sykkylven bedehus fylte 60 år i fjor. Det var presentert utdrag av lydopptak og nokre bilete på storskjermen på møtet i dag. Interessant å høyre visjonar og brennande ynske for bedehuset og folket som vitjar dette huset. Dei «gamle» la verkeleg eit grunnlag som ettertida kan bygge vidare på – og bedehuset lever 🙏
@rnhild @almås