Steinar Dimmen var talaren vår
Dagens tekst: Joh 14,15-26
I pinsehøgtida får vi feire at Gud sende Den heilage ande til jord, det er ein takkefest og ein innhaustingsfest. I Ap gj 2 høyrer vi om eit under, Den heilage ande kom over den kristne forsamlinga der mange var samla. Dei tala og høyrde framande språk, men dei forstod det som vart sagt – kvar på sitt språk. I profeten Joel 3 står det at ein dag skal Gud renne ut sin ande over alt folk. Dette går i oppfylling både denne første pinsedagen og også i dag; alle menneske som trur på Jesus Kristus kan få anden over seg.
Den heilage ande talar til oss også i dag på underfullt og overnaturleg vis. Det hender i vårt fornuftige og regulerte samfunn; anden kjem inn i vårt samfunn også i mai 2021 og med noko heilt nytt til oss. Han vil møte deg og meg. Han snur det som er daudt og umuleg i eit menneske. Vi må stole på Guds ord og lære å kjenne denne stemma som anden har. Anden vil tale til oss og vise kven Jesus er. Vi må gi akt på denne stemma og kan ikkje bli frelste på nokon annan måte. Og vi må vere flinke til å tale med kvarandre om dette: kva har anden mint oss om. Alt er eit samspel mellom ordet, meg som person og Den heilage ande. Ordet gir oss trøyst, Jesus vil vere med oss og ikkje forlate oss som foreldrelause born.
Anden blir kalla både sanningsanden og talsmannen. Jesus var talsmannen før. Han sa: Når eg er lyfta opp, skal de få ein annan talsmann – Den heilage ande.
Den heilage ande er vår forsvarar, trøystar og oppmuntrar og hjelper oss når det røyner på, når vi blir anklaga av andre eller oss sjølve. Anden vil vise oss kven Jesus er, han som tek hand om synd, sorg og mismot og gir trøyst og fred inn i liva våre. Og vi – heilt alminnelege menneske – er kalla til å vere bodberarar av evangeliet og vere med på innhaustinga som starta den første pinsedagen.
@rnhild