Forsamlingsmøte 6.juni

I overkant av 30 – pluss ein god søndagsskulegjeng – var på forsamlingsmøte 6.juni. Møteleiar Anita delte gode ord frå Salme 91 og dikt av Haldis Reigstad og ynskte Helge Dimmen særleg velkomen.

Dimmen, styreleiar i ImF Sunnmøre, peika på kor godt og viktig det er å kjenne Jesus.  Han tok utgangspunkt i Lukas 24 og vandringa til landsbyen Emmaus. Dei to vonbrotne disiplane hadde gått 11 kilometer frå Jerusalem. Men då dei oppdaga at det var den levande Jesus som hadde gått saman med dei, sprang dei like godt heile vegen tilbake: Dei måtte fortelje om møtet med Jesus!  Og heldigvis visste dei kvar dei andre venane heldt til. Desse kunne også dele liknande vitemål: «Herren er sanneleg oppstaden, og Simon har sett han!»  Sameleis er det bra om bygdefolket veit om oss, og at vi også kan vere slike som tilbyr fellesskap og hjelp.

Reidun fekk også ordet for å minnast Liv Stavseth som døydde sist onsdag. Gravferda fredag 11.juni vil ha plass til 120 deltakande, der det vil bli helsing frå bedehus- og misjonsfellesskap som alltid betydde så mykje for Liv. Vi takkar for hennar varme engasjement og ynskjer velsigning over Liv sitt gode minne.

Enn så lenge har vi ikkje allsong og sosialt med kaffi, men vi trur det ikkje er så langt unna no.  Siste forsamlingsmøtet før sommarferien blir 27.juni, og regionleiar i NLM Jon Ove Holen vil besøkje oss.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait