Sommaravslutning til inspirasjon!

Regionleiar i NLM, Jon Ove Holen, gav oss fornyande ord frå Jesu bergpreike.

Inn i sommarferien passa det veldig godt å ta med denne utfordringa: Kven sitt hus er bygt på fjell, og blir ståande både i storm og flaum? Jau, det er den som høyrer Jesus sine ord og handlar etter det! Det er den disippel som gjer alvor av å følgje Jesus. 

Bergpreika er ikkje så lett å forstå på rette måten. Var det heilt umoglege ideal Jesus peika på, som ikkje hadde anna hensikt enn å dømme oss og føre oss til syndsvedkjenning? Nei, trass i at ingen av oss «får dette heilt til», så er bergpreika like fullt Jesus si rettleiing til eit frimodig disippelliv!  Vi bør verkeleg øve oss på å praktisere trua i kvardagen!

Dette er noko av det fine med Jon Ove Holen si forkynning: Også det som utfordrar og ikkje straks fell på plass i hjarte og sinn: Det får vi høyre, rett fram, slik Jesus forkynte.  Så får vi heller leve i denne uløyste spenninga: Vi er frelst og fri av berre nåde: Og så skal vi strekkje oss etter å leve Jesuslivet!

Holen utfordra oss til å lese Bergpreika i samanheng: (Klikk deg rett inn her i Matteus 5, og les til og med kapittel 7) God sommar!

SÅ kjekt å sjå og høyre dei unge stemmene: «Hellig er du, Gud!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait