Søndag 5.september var bedehusforsamlinga i gong att, og møteleiar Anita ønskte dei 40 frammøtte vel tilbake etter ferien: «De skal få kraft idet den Heilage Ande kjem over dykk». Godt å ta med seg når arbeidet ligg framføre: Til endane av jorda skal vi vere vitne om Jesus. Det er ikkje lite!
Søndagsskule-leiar Karina oppfordra til å vere med på Jesus-marsj komande laurdag formiddag.
Etter nokre song-videoar og forsamlingsbøn ved Gunnhild, fekk offshore-mannen Kåre Magne Remmen ordet. Det er godt at slike som han er villige til å reise nokre mil og dele Guds ord, heilt på frivilleg lekmanns-vis! Han bygde talen sin på kapittel 1 og 55 i Jesaja-boka og oppfordra forsamlinga til å høyre og lese frå Bibelen. «Sjølv i ei god tid fall folket frå livet med Gud». Men Gud vil ha alle, og kjem med sitt «kom!» Kom med syndene dine, så skal eg gjere deg kvit som snø. Kom og et levande brød og livsens vatn! Han avslutta med dei viktige orda frå søndagens tekst om Marta og Maria: «Eitt er nødvendig, og Maria har valgt den gode delen»
Før velsigninga og kaffi var det også nokre som ønskte å dele ting som låg dei på hjartet: GODT å vere i lag!