Forsamlingsmøte søn 3 oktober 2021

Kjell Furnes var talaren vår

I dag vart det «ein liten bibeltime» (iflg Kjell Furnes sjølv) om eit viktig og interessant tema.

I GT var der tre stillingar eller embete som vart innsette ved salving: kongen: Kristus vart salva til Konge, han vart innsett, han vart forkasta, men gjekk heim til Gud som ein salva konge. Løftet til Gud er ikkje trekt tilbake, han er framleis ein salva konge – over Davids hus til evig tid. Det andre embetet var profeten. Om Moses står det at det var ingen andre enn han som hadde vore ein profet som hadde snakka med Gud ansikt til ansikt. I Peter sin tale i Apgj 3 kjem det fram at Jesus var den siste profet i den gamaltestamentlege profetrekka. Kristus er den største og viktigaste profet som har vore på denne jord. Det tredje embetet som var innsett ved salving var øvstepresten. Aron var utsett og vart salva av Moses til øvsteprest, som eit forbilde på den Kristus som skulle kome og hans gjerninger for oss menneske. På den store forsoningsdagen gjekk Aron inn i det høgheilage med blod av eit uskuldig dyr og der gjorde soning for folket for syndene deira, igjen som eit forbilde på Jesu sonoffer. Jesus steig ned i Jordan. Han tok – som den som var utan synd – syndardåpen og all verdas synd vart lagt på han. Sjølve soninga skjedde tre år seinare; Jesu bar fram eitt einaste offer – seg sjølv – ein gong for alle og sit ved høgre handa til Gud til evig tid. Ein slik øvsteprest måtte vi ha (sjå Hebr 7,26…) Ein viktig forskjell på Aron og Kristus sine sonoffer. Sonofringa i GT tok ikkje bort synd, det gjer Kristi sonoffer, ei fullkoma og fullbyrda teneste. Jesus fullførte si øvsteprestelege teneste, var trufast – «ikkje som eg vil, men som du vil» (Getsemane-bøna). Kristus var lytelaus, sjølv om folket og retten prøvde å ramme han. Jfr også Pilatus: eg finn inga skuld hos denne mannen.

I GT kan vil lese om embetsdrakta som Aron skulle bere. Rundt kanten på kappa han bar skulle det vere vekselvis granateple og gullbjeller, slik at lyden kunne høyrest for folket når Aron gjekk inn og ut av tabernaklet. I dag er vår himmelske øvsteprest inne i det himmelske tabernaklet for å gjere ei teneste for oss. Ein dag er tenesta ferdig, og han går mot utgangen ned i lufthimmelen og hentar heim Kristi brud, «gevinsten» frå Golgata. Vi ventar på Kristus, vi må vake og vente på løftet om brudgommen som skal hente heim sine. Han kjem att på same måten som han fôr opp. Les Luk 24,50, «… han lyfte hendene og velsigna dei»

@rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait