Forsamlingsmøte med Oscar Nordbø søndg 14 nov 2021

Genesaretsjøen, båt, vindar og uroleg sjø. I dag fekk vi høyre om læresveinane sitt møte med Jesus då han kom gåande til dei i forrykande ver – på Genesaretsjøen. Nordbø fortalde litt om sitt eige kav med å redde i land sin eigen båt då uveret ein gong var ille der han bur.

Læresveinane fiska og det rauk opp til uver. Dei var veldig redde, men så kom altså Jesus gåande til dei, han var ikkje noko gjenferd slik dei trudde, men var den som såg dei, kom som redningsmann og fekk båten trygt til land. Peter fekk ei utfordring ved at han vart skræmd av bølgjer og vind og sokk då han i sin spontanitet gjekk Jesus i møte på vatnet. Jesus greip tak i han, stilte stormen og dei gjekk opp i båten. Jesus var sant og ekte menneske: han hadde eigentleg planlagt å vere åleine i bøn til sin Far, oppi fjella, og hadde sendt læresveinane avgarde i båt for å fiske. Jesus hadde nok behov for å vere åleine etter sorga over Johannes døyparen som vart drepen og han visste også kva som venta han sjølv om ei lita tid.

Læresveinane tenkte vel at Jesus hadde gløymt dei der dei streva i motvinden ute på sjøen. Men nei, han ville at dei skulle få oppleve endå meir av kva han kunne gjere for dei: han viste omsorg, strekte ut handa, ba dei om ikkje å vere redde: «Det er eg», sa han til dei. Og dei tilba han. «Eg er» har jo ei spesiell betydning heilt frå Mose tid. Jfr også det som vart sagt Getsemane-natta då Judas Iskariot peikte ut Jesus for soldatane og Jesus spurde dei kven dei leitar etter. Svaret kjenner vi: «Det er eg»

Jesus er med oss, også i livets vanskelege tider. Vi må ha fokuset retta mot han, vere lydige, våge å gå ut av komfortsona vår (der kan vi lære noko av Peter) og minne oss sjølve om kven Jesus er, han som til alle tider er den same, som strekkjer ut handa til deg og meg, ei hand som er naglemerkt. Han vil føre oss frelst over fjorden – og: er Jesus ombord i båten, når vi fram. 

@rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait