JESUS er kongen min! Den gode gamle søndagsskulesongen opna forsamlingsmøtet første søndagen i advent. Møteleiar Gunnhild ønskte forsamlinga, og ikkje minst: Helge Dimmen, Bedehusvegen 22 (!) på Giske vel møtt: Søndagsskuleborna leia forsamlinga i songen: «No tenner vi det første lys» og deretter ein ny og fin song om Jesus.
Dimmen las innleiingsvis eit gripande prosadikt: 4 adventslys strålte inn mot jul. Men då hadde like mange gode anledningar gått forbi: Fire opplagde høve til å vere eit medmenneske og gje hjelp og varme.
Bibelteksten var denne gongen, var salme 121: «Eg lyfter augo mot fjella, kvar skal hjelpa mi kome frå?» Ofte vil skodde gøyme fjella. Men fjella er der like fullt.
For mange har orda i vers 5 blitt til stor trøyst, slik som for ei eldre kvinne Dimmen kjende godt. «Herren er din skugge ved di høgre hand». Så nært er han med si frelsarhand og med si omsorg. Vi kan trygt og fast lite på han, også når livet minner om skodde og dårleg ver. «Mi hjelp kjem frå Herren, han som har skapt himmel og jord»