Vi fekk besøk av Solfrid Ulstein Riise
Solfrid tok utgangspunkt i tekstar frå Kristi Openberringsdag. I 2. Mos 34,27-35 høyrer vi om Moses på fjellet då han fekk steintavlene og vart møtt av Guds lys så ansiktet hans stråla. Han var 40 dagar og 40 netter på fjellet med Herren. Israelsfolket var snar med gullkalven, dei var eit stivnakka folk, men Gud er ein nidkjær Gud. Mange har gløymt dette også i dag. Gud er den som veit kva som er rett og gale, ikkje mennesket. Herren er Herre, sein på vreide og rik på miskunn.
Går vi så til Jesus og forklaringa på det høge fjellet, lærer vi at Peter, Jakob og Johannes fleire gongar var med Jesus ved viktige hendingar. Typisk var at dei somna, både i Getsemane og på fjellet. Det var kanskje frykt for det som skjedde då Gud gav seg til kjenne med lys og kraftig røyst. Peter var frampå med å ville bygge hytter… Jesus kan røre ved oss når vi er fylt av frykt. Vi kan møte han åleine i lønnkammeret i bøn. Vi fekk i heimelekse å lese Joh 17 – Jesu yppersteprestelege bøn, der det står det mykje om Jesu herlegdom, t.d. v 24: «Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd». Og vi er også elska før verda vart grunnlagd. Peter, Jakob og Johannes fekk eit glimt av herlegdomen, og eingong skal også vi få sjå Han i Hans herlegdom.
Solfrid hadde med gitaren og song eit par gode songar for oss
@rnhild