Første søndag i fastetida hadde vi eit godt gjenhøyr med Steinar Dimmen. Saman med Jorun Rausand sin klare og vakre song, vart det eit forsamlingsmøte med allsidig gjenklang. Jorun delte vitnemål og inderlege songtekstar kledd i fine piano-harmoniar. I tillegg fekk vi høyre Mattias Orheim sin «Eg har ei teneste stor for Gud»: Dette er påliteleg kvardags-kristendom!
Steinar Dimmen valde ein av lesetekstane for søndagen: Profeten Natan sitt møte med kong David, i 2.Samuelsbok 12, 1-15: Eit sterkt møte mellom fusk og sanning. David visste så inderleg vel at det han gjorde mot Batseba og mannen hennar, Uria, var forkasteleg og synd mot Gud. Men han vart overlista av sine lyster og tenkte sannsynlegvis at Gud ikkje ville bry seg. Men Gud ser alt. Og midt oppi lyst og glede, hadde David det slett ikkje godt.
Eksempelet Natan bar fram for David, om rikingen som tok den fattige sitt einaste lam, vekte David sin dirrande harme: Den mannen skal døy! Men den mannen er du, kong David! «Då sanna eg mi synd».
Desse tinga gjeld akkurat likedan for oss, minte Steinar Dimmen oss om: Vesentleg å ta med vidare i fastetida. Jesus gjentok mange gongar: «Sjå, vi dreg opp til Jerusalem». Kvifor måtte han det? For å gjere opp for David sine synder, og for våre også. Slik at Gud med glede kan tale frå himmelen over våre liv: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.»