Sykkylven bedehus var nybygd i 1960 og har dermed fylt 60 år. Huset er eigd av Sykkylven Indremisjon. Det er eit stort og fint bygg, der det blir halde forsamlingsmøte ved Sykkylven bedehusforsamling annakvar søndag og også bibel-, samtale- og bønegruppe kvar onsdag. Skattekista Brukthandel held til i underetasjen og Onsdagskaféen har samlingar annakvar onsdag. Vi leiger også ut til andre som ønskjer å ha møte her, konfirmasjonsselskap og bursdagsselskap.
Det er nettopp halde årsmøte (i dag er det 27. april 2021) og slik ser styret ut for neste periode:
Johan Aurdal, leiar og kasserar
Gunnhild Sandvik Enstad, nestleiar
Anne Jorunn Dalseth Moe, sekretær
Arnhild Almås, utleige-ansvarleg
Dagny Andersen, styremedlem
Anne Lise Nordstrand, 1. vara
Odd Arne Eidem, 2. vara
Runa Welle, 3. vara