Forsamlingsmøte søndag 21 april 2021

Ole Audun Os besøkte oss i dag med tale og fin song Ole tok utgangspunkt i ei av dei få likningane i Johannesevangeliet, dette evangeliet som kanskje meir enn dei andre tre evangelia peikar framover mot korset og Jesu verk der. Likninga om den gode hyrdingen, han som […]

Forsamlingsmøte søn 21 mars 2021

Olaug Bjørke, regionleiar for Åpne Dører Møre og Romsdal besøkte oss i dag. Ho gav oss  gripande forteljingar og forkynning frå Åpne Dører sitt arbeid for kristne som blir forfølgde. Åpne dører kallar kristne til å identifisere seg med forfølgde søsken, til aktivt å støtte og be for […]

Forsamlingsmøte 7. mars 2021

😊🙏 Endeleg forsamlingsmøte – etter fire månader 🙏😊 Inger Valbø (utsending for NLM i Japan) var vår talar i dag med temaet Eg trur, hjelp mi vantru Ho tok utgangspunkt i dagens tekst i Markus kap 9. Først om faren som kom fortvilt til Jesus med sonen sin […]

Forsamlingsmøte søn 1 nov 2020

Med Arvid Ødegård Tema: Ikledd Kristus Arvid tok utgangspunkt i Gal 3,26 ff om gjennom tru å vere ikledd Kristus. Han gjekk tilbake til skaparforteljinga; mennesket vart skapt til godheit, reinleik, fred og fellesskap med Gud. Så vart alt øydelagt. Mennesket åt av kunnskapens tre og syndefallet var […]

Forsamlingsmøte 18 okt med Oscar Nordbø

Oscar Nordbø besøkte oss i dag med ein god tale. Han starta med å fortelje litt om sanningsgehalten i Johannesevangeliet ved å vise til P52 (Papyrus 52), som inneheld to brotstykke frå Joh 18 og er datert til 125 e.Kr. Ingen skal tvile på at det var Johannes […]

Forsamlingsmøte søn 4. okt

Svein Folde var talaren vår i dag med tema «Guds fulle rustning» . Han tok utgangspnkt i dei kjende versa frå Ef 6, 10-18. Dei romerske soldatane bar rustning, til vern mot angrep og motstand. Vi treng også styrke til å stå mot angrep. Vi er avhengige av […]

Forsamlingsmøte søndag 9 februar 2020

Ole Os var med oss med sentral tale og god song Os tok utgangspunkt i teksten for denne såmannssøndagen, Luk 8,4-15. Det er ei likning.  Såkorn vart sådd langs vegen, mellom klunger, på steingrunn og noko i god jord. Os peika på det Jesus ropte ut: Høyr, den […]

Forsamlingsmøte 26 januar 2020 – Robert Uggedal var talaren

Uggedal tok utgangspunkt i dagens tekst frå Luk 18 om den blinde tiggaren nær Jeriko, som ønskte synet sitt tilbake. At Jesus gav synet tilbake var ei reell handling, det var sant. Den blinde mannen såg mulegheita då Jesus gjekk forbi. Og mulegheiter finst også i dag. Den […]