Forsamlingsmøtet 26.juni

Eit svært triveleg besøk igjen av Annbjørn Walderhaug. Gjennom fin song og enkel utlegging av kjære bibelord av apostelen Johannes fekk forsamlinga eit varmt møte med den Jesus det nye testamentet presenterer.  Ei velsigna stund.

Vellukka i Straumgjerde bedehus

Forsamlingsmøtet søndag 24.april samla eit nesten fullsett Straumgjerde bedehus. For bedehusforsamlinga var det ekstra kjekt å møte så mange frå Straumgjerde. Vi håper og trur at det var gjensidig. Øygunn og Per Svein Tandstad gledde oss med fire klassiske perler på tverrfløyte og piano, og prediktant Steinar Dimmen […]

Forsamlingsmøte 10.april

Du kan leve eit frigjort liv! Den som har kome til tru på Jesus, har døydd bort frå synda og blitt oppreist til eit nytt liv med han! Kai Even Bjørdal peika engasjert i talen sin på kva Jesus sin død og oppstode betyr for oss.  Saman med […]

Forsamlingsmøte første påskedag

Du er frå sans og samling, Paulus! Nei, eg er ikkje frå forstanden. Alt er sant og vel gjennomtenkt. Eg kan ikkje tru noko av dette er ukjent for deg, konge, det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok!  Slik forsvarte Paulus trua på Jesu oppstode […]

Forsamlingsmøtet 14.februar

Denne søndagen som både var morsdag og Valentins dag, innleier også fastetida: Vegen fram mot påske. I talen sin delte Per Arne Sve bodskapen frå søndagens tekst: Jesus i Getsemane. I den kampen han no gjekk inn i, trong han all den støtte han kunne få.  Men hans næraste […]

Forsamlingsmøtet 31.januar

Kjell Furnes formidla bibelglede og bibeltillit denne siste søndagen i januar. I overkant av 30 hadde funne vegen og fekk ein oppbyggjeleg og fin kveld.

Sterkt møte med Åpne Dører

Olaug Bjørke gav oss eit sterkt personleg vitnemål sist søndag.  Om lag 40 (rekord på ei stund!) hadde også møtt fram for å få med seg nytt frå Åpne Dører. Olaug, opphavleg frå Gjerdsvika, etablert på Ellingsøya som lærar og no regionansvarleg for Åpne Dører Sunnmøre synte filmsnuttar, […]

God julebodskap søndag 13.desember

Songevangelistane Hilde Gjengedal og Gudrun Longva gjesta bedehusforsamlinga for første gong denne 3.søndag i advent. På ein dag med fleire flotte julekonsertar fekk damene frå Brattvåg gitt det rikaste og største i julebodskapen. Dei om lag 20 som kom til bedehuset denne formiddagen fekk lytte til song og […]

Forsamlingsmøtet 29.november

Kva skal vi bli? Like spennande og like ukjent som med eit nyfødd barn i familien: Slik er det med Guds barn. «Det er endå ikkje openberra kva vi skal bli». Men eitt er sikkert; «vi skal bli han like, for vi skal sjå han som han er». […]

Møtehelg med utsikt framover

Gjennom heile fire bibelsamlingar helga 16.-18 oktober fekk Runar Landro delt ei storslått utsikt oppover og utover. Du kan aldri bli noko større enn eit Guds barn. Det var han som søkte oss: Større lukke kan ikkje tenkast. På laurdag vende perspektivet seg både innover, mot våre næraste […]