Julefest 29.desember

I god tradisjon var det julefest 5.juledag. Truleg strekkjer denne tradisjonen seg heilt til 1892, då det første bedehuset på Aure stod ferdig. Festkledd forsamling, julepynta bedehus, Credo, god julepreike og gang rundt juletreet.  Alt dette, saman med kaker og kaffi, høyrer med. Forresten har truleg også Credo, […]

Forsamlingsmøtet 17.desember

Det skjer under ein heilt vanleg dag! Det var temaet i Margaret Engås sin tale 3.søndag i advent.  Frå Betlehems-gjetarane til ein tenåring i nabolaget som ønskjer seg ein Bibel, til ei kvinne i eit muslimsk land som møter Jesus Kristus.  Det er Gud som set i verk […]

Mange på forsamlingsmøte i Velledalen

Heile 50 trassa sluddbygene og fekk ei givande stund i Velledalen bedehus 3.desember Folk frå alle kantar av bygda fylte det 80 år gamle bedehuset i Velledalen første søndagen i advent.  Ekteparet Aud og Johan Halsne stod for mykje av innhaldet, med duettsong, tale og informasjon om Plussreiser. […]

Forsamlingsmøtet 19.november

JESUS OG DEI SMÅ, var Steinar Dimmen sitt tema denne søndagskvelden. Her kan du lese den tankevekkande teksten, fram til vers 14. – Utan at de vender om og blir som barn kjem de ikkje inn i himmelriket.  Det store spørsmålet «korleis kan vi eige himmelriket» må vi […]

Forsamlingsmøte Allehelgens-søndag

Søndag 5.november hadde bedehusforsamlinga besøk av Jarle Berland.  I talen sin la han vekt på kor verdifullt og viktig det er å ha nokon som ber for seg. Samtidig peika han på feiringa av Allehelgens-søndag. Sjølv har eg siste året mista tre av mine aller næraste, sa han. […]

Bibel- og misjonshelg i oktober

Sist helg var det bibel- og misjonsfokus med Etiopiafest, bibeltimar og forsamlingsmøte Lars Kjetil Emblem delte Guds ord på alle møta. På laurdag var det to lærerike bibeltimar om Luthers lille katekisme. Tilhøyrarane fekk ei svært oppbyggeleg innføring i Luthers forklaring til boda og dei tre trusartiklane.  Det […]

Forsamlingsmøte med Ingbjørn og Stine

Søndag 8.oktober var det besøk frå sør og vest.  «Rogalending frå Brattvåg» kan passe på Ingbjørn Vingen. Han fekk minnt oss på kva som er grunnlaget for sunn og sann vekst: Nemleg Guds kraft og Guds visdom uttrykt gjennom «ordet om Jesu Kristi kors». Paulus unnlot bevisst å […]

Stor oppslutning med Sunnmørsgutane

Søndag 24.september kan noterast mellom dei best besøkte forsamlingsmøta sidan oppstarten i 2010.  Medrekna dei ca 20 staute karane i Sunnmørsgutane talde møtevert Per Gunnar Holmberg opp heile 80 sjeler.  Det er kjekt å møtast, og det er godt å vere mange.  Men likeså bra var det som […]

Samlingsfest og forsamlingsmøte 10.september

Ekteparet Solgunn og Peder Almedal frå Ulsteinvik bidrog til ein god sesongstart i Sykkylven Bedehus. CREDO innleia samlingsfesten med sedvanleg kvalitet og presisjon. Og ikkje berre det:  Dagen før Stortingsvalet vart melodien «Velg Jesus» framheva.  «Velg ham for livet, en bedre venn kan du aldri få».  Gunnhild Sandvik […]

Forsamlingsmøtet 2.juli

Roar Fremstad delte rikt av vitnemål om Jesus siste søndag-samlinga før ferien.  Han har ei eiga gåve til å formidle evangeliet gjennom song og personlege vitnemål.  Det vart ei oppbyggeleg stund fylt av fred og den Heilage Ande.